English

Om oss

Eit senter for kunstproduksjon


SEANSE ligg ved Høgskulen i Volda og er ein arena for kompetanse og utvikling av samarbeid mellom barnehage, skule og kunstfeltet. SEANSE set i verk nasjonale og internasjonale møtepunkt i spennet mellom kunst og utdanning. Vi inviterer til arbeidsopphald for kunstnarar, workshops, konferansar og forsking.
 
SEANSE inkluderer alle kunstformer og har som mål å skape kvalitetsproduksjonar for barn og unge. SEANSE  vender seg til kunstnarar, kulturarbeidarar, barnehagetilsette, skulefolk og forskarar. Vi tilbyr kompetansegivande studieemne i samarbeid med Høgskulen i Volda.
 
SEANSE er ein partnarskap mellom Møre og Romsdal Fylke og Høgskulen i Volda, med støtte frå Norsk Kulturråd og Kunnskapsdepartementet.