Kunst - kunst og danning - Utdanning
SEANSE arbeider med utforsking og vidareutvikling av kunstprosjekt saman med lærarar og kunstnarar i barnehage og skule. Barn og unge bør få møte kunstproduksjonar som gir dei det gode gispet og løftar dei ut av det kvardagslege og vidare mot ny erkjenning. Det er viktig med systematisk utprøving og forsking på tenlege kunstproduksjonar.
SEANSE ynskjer å bidra til utvikling av meir langsiktige kunstprosjekt for barn og unge i skulen. Desse kan vere initiert av kunstnarar og lærarar i fellesskap, eller ved at ein av partane inviterar med seg andre til å gjennomføre ein kunstnarleg idé. SEANSE vil utvikle og tilby ulike kunstverkstader til skulen der skapande aktivitet går hand i hand med opplæring i handverk og teknikk. Vi er opne for prosjekt både i kunstfaga, og prosjekt tilknytte kunstfaglege læreprosessar og metodar for læring i andre fagområde.
I det vidare arbeidet vurderer vi ei formalisering av samarbeidet med skulefeltet. Dette kan vere gjennom meir målretta opplæring av praksislærarar, og eit fagforum for fleire direkte møte mellom lærarar frå ulike fag og kunstnarar innafor ulike sjangrar. I samarbeid med Avdeling for kulturfag ved HVO vil vi prøve ut fleire nye skule- og studieemne som etter- og vidareutdanningskurs for lærarar og kulturarbeidarar både innafor kunstfaglege emne og emne retta mot kunstnarlege prosessar for læring.
