English

Forsking

SEANSE som forskingsarena

SEANSE tilbyr eit rikt grunnlag for forskings- og utviklingsprosjekt. Den nære kontakten SEANSE har med kunstnarar, lærarar, forskarar og ikkje minst barn i ulike aldersgrupper gir et godt utgangspunkt for å kaste lys over problemstillingar og utvikle kunnskap på barnekunstfeltet. SEANSE er involvert i forsking og utviklingsarbeid, og anvendt forsking.
 
Vi er i ferd med å opparbeide eit internasjonalt forskarnettverk. Den internasjonale forskingskonferansen Arts in Education i 2009 vil bli følgt opp av konferansen Arts and Understanding. SEANSE medverkar også til å ha et forskingsblikk på Den kulturelle skulesekken.
 
Kunstnaren som forskar
SEANSE initierer til forskingsprosjekt med ein artistisk tilnærming. Uttrykk, form og innhald er ikkje nødvendigvis standardisert. For eksempel kan personleg visjon gjennom eit kunstnarleg prosjekt vere motivasjon for forskinga.
Kunstnaren er sjølv kjelda til data i sin eigen erkjenningsprosess. Det ekstisterer fortolkingsmuligheiter og forståingar som inkluderer kjensler og sansing. Innlevingsevne og identifikasjon kan vektleggast. Gjennom den artistiske tilnærminga skapast meining som kan stå i kontrast til gjeldande sanningar.