English

Miljøarrangement i Operaen

12. desember 2009 var det ei storstilt markering i Operaen i Oslo i forkant av Miljøkonferansen i København 2009. 
 
Det var fjernsynsoverføring, kunstnariske innslag, konsert og ei mengd aktivitetar i og utanfor Operabygget.
 
Johannes Joner, som er medlem i SEANSE sitt faglege råd, var programansvarleg og konferansier for fjernsynssendinga.
 
SEANSE tok del med innslag frå prosjektet Verdsarv og Verdiar. Dette er eit samarbeid mellom kunstnarar og skule i verdsarvkommunene Norddal og Vega. Både barn og kunstnarar var til stades utanfor Operabygget.